I dag vil eg vise bilder av spiseplassen vår. Ute er det ikkje mykje som minnar om sommer i dag.... Det er grått og trist. Kjenner at eg lengter etter sol og varmare dager.... Håpar det snart snur!
Spisemøblane har vi arva av bestemor til mannen min. Dei er malt eggekvite. Firkløvarstolen er kjøpt brukt på Finn. Den var trekvit når vi kjøpte den. Blei malt kvit til Lukas og når Nora kom til, vart den malt i denne nydelege duse rosafargen. Den er frå Nordsjø og heiter Hjertevarm. Tallerkenhylla er heimelaga. Teppet er kjøpt på Living. Den store tavla. kurven og lysestaken er kjøpt i den lokale møbelbutikken her heime. Lampa er kjøpt på Frk Lande.